– Ei stor overrasking

Skyttaren Johanna Reksten studerer på deltid og har jobb ved sidan av satsinga. Måndag fekk ho tildelt Furorestipend, noko som kjem godt med på vegen mot måla.

SKYTTAR: Johanna Reksten vart denne veka overraska med Furorestipend då ho var heime ein tur. Stipendet kjem godt med i satsinga dei neste åra.   Foto: olin maria yri

Sport

Johanna Reksten (Kisen) frå Lote, men som bur på Kløfta på Austlandet, har vore heime nokre dagar for å få litt avkopling og fri. Det har nemleg vore nokre aktive dagar. Sist helg var det NM/Elverum Open 2021 i Elverum. Her tok Johanna sølv under 3x40 300 meter rifle og bronse under ligg 300 meter. Det var Jenny Vatne (Nordstrand) som tok gulla i desse øvingane.