Alva til landsfinalen

Tre symjarar frå Eid Symjeklubb deltok i regionsmeisterskapen LÅMØ Vest i Førde. Der vart det gode tider og nye personlege rekordar.

KONKURRERTE: Julie Jakopia Isene (t.v.), Alva Lote Midtbø og Elias Vindfjell (t.h.) frå Eid Symjeklubb konkurrerte under LÅMØ Vest i Førde sist helg.   Foto: privat

Sport

Helga 3.–5. september arrangerte Førde IL LÅMØ Vest, og rundt 300 symjarar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland deltok. LÅMØ er eit regiondelt meisterskap for årsklassar fødde i 2005 til 2010, og er også eit kvalifiseringsstemne for nasjonalt meisterskap for desse årsklassane. Førde IL skulle eigentleg arrangert LÅMØ i mars 2020, men på grunn av pandemien har arrangementet vore utsett fleire gongar.