Skal konkurrere nasjonalt

No i september skal Oliver Holmøyvik og Erik Haugland i Nordfjord Golfklubb konkurrere nasjonalt for aller første gong.

KLAR: Oliver Holmøyvik (t.v.) og Erik Haugland (t.h.) frå Nordfjord Golfklubb skal delta i ei nasjonal golfturnering 18. september.   Foto: olin maria yri

Vi skal ha det kjekt og få litt erfaring som vi kan byggje vidare på.

Sport

International Pair er ein internasjonal parturnering der laga speler fourball med tre fjerdedelar handicap. Turneringa starta først med lokale kvalifiseringar i klubbane, og så går dei beste spelarane til landsfinalen på Miklagard Golfklubb 18. september. Vinnarane av landsfinalen vert kvalifisert til verdsfinalen i Algarve i Portugal i slutten av oktober.