Desse var sprekast under fjelltrimmen

Trass i korona hadde fjelltoppane på Stadlandet 11.300 besøk i 2020, noko som er fleire besøk enn både 2019, 2018, 2015 og 2014. Flest besøk på toppane var det Heidi Anita Årsheim som hadde.

Stadlandet IL har arrangert fjelltrim, og no er resultatet klart. Frå venstre: Ann-Cathrin Lekanger Nygård, Heidi Anita Årsheim, Andrea Årsheim Bakkebø og Magnus Fure.   Foto: privat/pressefoto

Sport

På grunn av korona vart året 2020 eit år med redusert aktivitet i fjelltrim gruppa i Stadlandet IL, slik som med mange andre lag i landet. Det vart ikkje arrangert Stadlandet Rett Vest, som er det nest største fjelløpet i Nordfjord, verken i år eller i fjor. Stadlandet IL håpar derimot på å kunne arrangere i 2022.