– Det er eit veldig spennande val

Svein Olav Myklebust tykkjer Henning Haugen er eit spennande val som trenarrettleiar i Eid fotball.

Dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust, tykkjer Henning Haugen er eit spennande val som trenarrettleiar.   Foto: privat

Sport

Henning Haugen er tilsett som ny trenarrettleiar på jente og damesida i Eid Fotball. Dette er eit initiativ frå NFF Sogn og Fjordane, der kretsen ønskjer å få med fleire klubbar for å utvikle jente – og dame fotballen i Sogn og Fjordane. Stryn, Jotun, Sandane og Førde har allereie vore med i prosjektet, og no er det altså klart at også Eid Fotball er med.