Har opna sesongen godt

I slutten av juni gjekk sesongstarten for hesteskokastarane av stabelen med NM og NC, og denne veka vart Ope Gloppemeisterskap arrangert. På plass var deltakarar frå Mino HK.

I GONG: Hesteskokastarane frå Mino HK er i gong med sesongen, og så langt har det blitt fleire pallplassar.   Foto: Arkiv foto/ anna wuttudal

Sport

I slutten av juni gjekk det første stemne for hesteskokastarane av stabelen. Då var det Midtre Nordfjord Hesteskoklubb (Mino HK) som arrangerte NM og NC i hesteskogolf på Nordfjordeid, helga 25.–27. juni. Under NM 25. juni vart det sølv og bronse på Kim Fagerstrand (Mino HK) og Kennet Fagerstrand (Mino HK) i herreklassa. Det var Tom Årdal frå Skjold IL som tok gullet. I dameklassa vart det bronse på Anne-Kirsti Noste (Mino HK). Her tok Marit Meland frå Skjold HK gullet.