– Bør prioriterast

Både ved Eid Stadion og Eid Idrettspark er det hjartestartar. Ved Eid Idrettspark tar det derimot litt tid å hente den.

EID STADION: Ved Eid Stadion heng det ein hjartestartar ute på veggen, som er lett tilgjengeleg. Slik er det ikkje ved Eid Idrettspark.   Foto: olin maria yri

Sport

Etter Christian Eriksen sin kollaps på bana i EM-kampen mot Finland, har det igjen kome fokus på kor viktig det er med hjartestartarar innan fotballen. Ved Eid Stadion heng det ein hjartestartar på utsida av veggen og som er lett tilgjengeleg, men ved Eid idrettshus heng det berre ein inne. Dette betyr at om det er aktivitet på Eid Idrettspark på kveldstid, og det skulle vere behov for ein hjartestartar må ein då kome seg inn og hente den.