– Dette er ein gledeleg dag for idrett generelt

Fredag kom beskjeden som heile idrettsnorge har venta på: etter 15 månadar kan breddeidretten trene som normalt med kontakttrening både inne og ute.

EIDTRENAR: Dan Jøran Hafsås, hovudtrenar for Eid sitt A-lag, er svært glad over at regjeringa fredag har opna opp for breiddeidretten.   Foto: olin maria yri/arkiv

Sport

Fredag presenterte regjeringa den vidare gjenopninga av Norge, der vart det klart at ein går no til steg tre av fire. Den opphavlege trinnmodellen gjaldt lettane i trinn tre berre for utandørs, men fredag fekk også innandørsidretten grønt lys.