Blant dei tolv som er tatt ut på kvinnelandslaget

Onsdag er det klart korleis alpinlandslaga for sesongen 2021-2022 ser ut. Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) er blant dei tolv utøvarane på kvinnelandslaget.

Andrine Englund Mårstøl er blant dei tolv alpinistane som er tatt ut på kvinnelandslaget neste sesong.   Foto: privat

Sport

Det er NSF alpint som har tatt ut totalt 31 alpinistar på A, B og C-nivå komande sesong. På kvinnelandslaget er det tatt ut totalt tolv utøvarar, medan det er tatt ut 17 utøvarar på herrelaget. I tillegg er det tatt ut to parautøvarar på alpinlandslaget. Blant dei tolv utøvarane på kvinnelandslaget er Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL). Andrine er tatt ut på C-status laget saman med to andre alpinistar. Denne sesongen har Andrine også vore tatt ut på C-status.