Tatt ut på talentlag

Skøyteløpar Amalie Haugland (17 år) er tatt ut på det nye satsingslaget Talent 2026.

SKØYTELØPAR: Amalie Haugland tok sølv under sitt første Junior-NM Allround i fjor. I mars i år tok ho sin første gullmedalje under Junior-NM Sprint, og sette også ny utepers med tre tidelar. No er ho tatt ut på satsingslaget Talent 2026  Foto: privat

Sport

Norges Skøyteforbund har tatt ut ei ny forbundsgruppe for neo-senior og juniorløparar. Satsingslaget har fått namnet Talent 2026 og består av totalt 19 skøyteløparar. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Norges Skøyteforbund og dei tre store treningsgruppene Team Sørmarka, Mjøsteam og Team Sprint.