Køyrde sitt første fartsrenn for sesongen i NM i super-G

I helga har NM i super-G blitt arrangert på Ål, og Andrine Englund Mårstøl køyrde sitt første fartsrenn for sesongen.

NM: Andrine Englund Mårstøl vart nummer åtte under NM i super-G.   Foto: privat

Sport

Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) køyrde inn til ein 8.-plass under NM i super-G på Ål søndag. Andrine har berre køyrt slalåm og storslalåm denne sesongen, så dette var hennar første fartsrenn denne sesongen. Sist Andrine køyrde fartsrenn var i mars 2020. Under junior-VM i Narvik mars 2020 køyrde Andrine inn til 10.-plass og i eit EC like etter køyrde ho ut i første omgang.