Turngruppa i Eid Idrettslag - video

Har gått frå 220 til 60 aktive på få år

På det meste talde Turngruppa i Eid Idrettslag rundt 220 aktive. I dag er talet på aktive barn og unge skrumpa inn til rundt 60 betalande medlemar.

Rekruttering: På det meste var det rundt 220 aktive born og ungdom i turngruppa i Eid Idrettslag. I løpet av dei siste to åra har gruppa skrumpa inn til rundt 60. Ei årsak er smittesituasjonen, som har periodevis har sett ein stoppar for aktiviteten. No er aktiviteten i gong att, og aktive born og trenarar ønskjer deg fleire aktive. Alle foto: Tormod Flatebø 

Sport

– Nokre opplagde årsaker til at gruppa har blitt så mykje mindre, handlar nok om smittesituasjonen som landet vårt har vore inne i, og dei strenge smittevernreglane vi har hatt har ført til at vi til tider ikkje har fått trene innandørs. Ein annan og viktig grunn er at vi ikkje fått starte oppmed aktivitet for dei yngste gruppene. Vi kan nok seie at vi har mista to årskull, seier Kari Rovde som meiner vegen til rekruttering er at foreldre og tidlegare aktive ungdomar engasjerer seg som leiarar og trenarar.