Andrine på pallen

Det vart to spennande slalåmrenn for Andrine Englund Mårstøl og dei andre alpinistane fredag. I begge slalåmrenna kjempa Andrine om pallen.

I AKSJON: Andrine Englund Mårstøl har køyrt slalåm og storslalåmrenn i EC i år. Denne veka har ho vore på plass på Geilo og deltatt i fis-renn heilt på tampen av sesongen.   Foto: privat

Sport

Denne veka er alpinistar i Norge på plass på Geilo for å køyre fis-renn. Blant desse er Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL). Tysdag vart det fjerdeplass på Andrine under eit storslalåmrenn, medan ho køyrde inn til sjetteplass torsdag.