Arrangerte KM på Harpefossen i strålande sol

Søndag vart Bilhuset Førde KM arrangert på Harpefossen skisenter, og dei lokale alpinistane frå Haugen IL gjorde det godt.

Det vart arrangert KM på Harpefossen skisenter søndag i strålande sol.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

I strålande sol og blå himmel vart Bilhuset Førde KM arrangert på Harpefossen skisenter. Det var både storslalåm og slalåm som stod på plakaten søndag. For utøvarar frå 14 og oppover var dette eit krinsmeisterskap.