– Eg er mest fornøgd med at eg klarte å snu det

Årets sesong har ikkje gått like bra som Andrine Englund Mårstøl håpa på, men ho tar med seg at ho slo tilbake mot slutten av sesongen og det at ho kan vere med å kjempe om dei beste plasseringane.

EUROPACUPEN: Sesongen er over for det norske europacuplaget, som Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) er ein del av. Etter ein litt treig start, slo det norske laget tilbake mot slutten av sesongen. Her er samanlagtvinnaren i EC, Marte Monsen (t.v.), Jakob Jovan, Andrine Englund Mårstøl, Tuva Norbye (t.h.).   Foto: PRIVAT

Sport

Det har vore ein litt spesiell sesong for alle norske utøvarar som driv med vintersport. Nokre har ikkje fått gått eit einaste skirenn og andre har måtte vere på tur heile sesongen. Sistnemnde gjeld Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) som har vore på tur heilt sidan jul. Sist måndag kom ho heim til Nordfjordeid, etter ein lang sesong.