Ada gjekk heilt til topps

Ada Johanne Borgund gjekk heilt til topps i si klasse då Sogndal IL arrangerte SSF KM søndag. Fleire andre skiløparar frå Eid IL og Stårheim IL gjorde det godt.

GODE RESULTAT: Skiskyttarane frå Eid IL og Stårheim IL gjekk inn til gode resultat i SSF KM i helga.   Foto: eid il ski

Sport

Søndag arrangerte Sogndal IL SSF KM i friteknikk på Sogndal Skisenter, Hodlekve. Etter tillating frå kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld, stilte åtte langrennsløparar frå Eid IL og Stårheim IL på start under rennet. Det skulle gje mange gode resultat og tider. Heile fire av dei løparane som stilte frå Eid IL og Stårheim IL kom på pallen. I tillegg gjekk Severin nes Hjelle og Trym Hovden Pile, begge under 12 år.