Johan-Olav Smørdal Botn siktar mot senior-NM

– Så langt er gullet under junior-NM årets høgdepunkt

Søndag gjekk Johan-Olav Smørdal Botn inn til eit suverent gull under NM i skiskyting. Med to bom meir var stårheimaren 35,2 sekund framfor nummer to.

GULL: Johan-Olav Smørdal Botn gjekk inn til NM-gull under normalen søndag. Dette var hans andre NM-gull på snø så langt i karrieren.   Foto: Monica Kjøl Tornes

Sport

– Det kjennast ganske bra ut. Det har vore ein litt dårleg sesong for min del, så det var godt å snu trenden litt, seier Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) som gjekk inn til ein fjerdeplass laurdag og NM gull under Lerøyrennet/NM på Lygna i klasse menn 20–22 år søndag. Smørdal Botn skaut 17 av 20 treff på normalen søndag, og gjekk i mål på tida 42:34.8, heile 35,2 sekund framfor Eivind Sporaland (Figgjo IL) som tok andreplassen. Dette var stårheimaren sitt andre junior NM-gull på snø. I fjor vart det også NM-gull i klasse 20–22 år, som vart arrangert på Dombås.