Skøyteløpar Amalie Haugland

Målet er å ta medalje i OL og VM

Skøyteløpar Amalie Haugland (17 år) har som mål om å ta medalje i OL og VM. På vegen har ho sett seg nokre delmål, blant anna å ta gull i Junior-NM.

SKØYTELØPAR: Amalie Haugland tok sølv under sitt første Junior-NM Allround i fjor. Sist helg tok ho sin første gullmedalje under Junior-NM Sprint, og sette også ny utepers med tre tidelar.   Foto: privat

Sport

– Ein må ha eit stort mål, og nokre delmål for å få det til. Det er alltid kjekt å ha delmål og når dei går i boks er det noko ein tek med seg vidare, seier Amalie Haugland (17 år), som kjem frå Bergen, men har mor frå Stadlandet og far frå Haugen.