Fleire frå Eid IL på pallen

Skiløparane frå Eid IL tok turen til Langeland for å delta på SSF KM Klassisk i helga, og fleire lokale skiløparar kunne ta med seg pallplassar heim.

Søndag vart det arrangert SSF KM Klassisk på Langeland, og Eid IL deltok med fleire løparar. Her er Severin Nes Hjelle, Ari Petrus Prøven Borgund og Lavrans Bjelland Nøstdal.   Foto: EID IL SKI

Sport

Søndag inviterte Førde IL og Gaular IL til SSF KM Klassisk på Langeland. SSF KM Klassisk og SSF KM Sprint skulle opphavleg avviklast på Ullsheim med Eid IL og Markane IL som arrangør, men grunna forholda på Ullsheim og vêrmeldingane som var meldt, vart det bestemt at det ikkje var forsvarleg å avvikle renn på Ullsheim denne helga. Medan Førde IL og Gaular IL tok over og avvikla SSF KM Klassisk på Langeland, er SSF KM Sprint utsett til seinare i sesongen.