Andrine kjempa om dei beste plasseringane

I helga køyrde Andrine Englund Mårstøl europacuprenn i Italia, og det vart to gode plasseringar med 10. og 12. plass.

ALPINT: Andrine Englund Mårstøl køyrde to europacuprenn i helga, og var med å kjempa om dei beste plasseringane.   Foto: privat

Sport

Laurdag og søndag var europacupen på plass i Livigno i Italia, og det var klart for to storslalåmrenn. På start stod seks norske alpinistar, inkludert Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL).