Trude satsar for fullt på sykkel – inne og ute

Syklistar verda over har det siste året blitt hekta på e-sport. Trude Solvang er ein av dei, og med full jobb og familie satsar ho for fullt for å sjå kor god ho kan bli.

E-SPORT: Trude Solvang er blant dei som er hekta på Zwift. På berre eitt år har ho blitt svært god, og står med to gull og eitt sølv i NCF vintercup 2021.  Foto: privat

Sport

Det siste året har virtuell landevegssykling tatt av gjennom appen Zwift, som på mange måtar er gaming for treningsglade syklistar på alle nivå. Syklistar, både profesjonelle og dei som har sykkel som hobby, koplar seg opp på Zwift-appen heime og overfører deretter til ein pc-skjerm eller tv. Dette gjer at folk i heile verda kan kople seg opp, og kan trene saman med andre og sykle ritt, sjølv om verda står midt i ein koronapandemi og det er på vinterstid.