Åge nummer sju i USA

Åge Solheim (Haugen IL) køyrde inn til ei ny topp ti plassering under eit universitetsrenn i USA.

I USA: Åge Solheim (Haugen IL) vart nummer sju i eit storslalåmrenn i USA før helga. Det var ein god norsk dag, og blant topp ti var seks norske alpinistar.   Foto: privat

Sport

Fredag var det universitetsrenn ved Park City i USA, og på start stod Åge Solheim (Haugen IL). Åge køyrde i mål på 1:00.48 i første omgang, og hadde den femte beste tida. Det var Tobias Kogler frå Austerrike som hadde den beste tida med 59.80 og leia før 2. omgang.