Ingen andre omgang på Andrine

Det vart ingen andre omgang på Andrine Englund Mårstøl under slalåmrennet i europacupen fredag.

Andrine Englund Mårstøl har dei siste to dagane køyrt slalåm i europacupen i Sveits.   Foto: PRIVAT

Sport

Torsdag og fredag har europacupen vore på plass på Gstaad Saanenland i Sveits. Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) køyrde torsdag inn til ein 34.-plass under slalåmen. Andrine vart nest beste norske alpinist, berre slått av Mariel Kufaas som køyrde inn til 19.-plass.