Jobbar ut ifrå ein normalsesong

Terminlista i Kretsligaen og 5. divisjon er offentleggjort.

KLART: Terminlistene i Kretsligaen og 5. divisjon er no klare, og om det går etter planen og ikkje vert utsett, ligg det an til at Eid, Selje og Eid speler første kamp 24 og 25. april.   Foto: olin maria yri

Sport

Måndag kveld vart terminlistemøta i Kretsligaen og 5. divisjon menn gjennomført. For aller første gong vart dette via Teams. Dette vart gjort etter tilbakemelding frå deltakande lag og klubbar, der alle tykte det var greitt å gjennomføre møta på Teams. Dette kjem fram i ei pressemelding frå NFF Sogn og Fjordane. Det vert no jobba ut ifrå ein normalsesong, og terminlistene i Kretsligaen og 5. divisjon menn er no offentlege. Klubbane har frist til 1. februar for å sende inn endringar.