På jakt etter endå betre resultat

Stad idrettsråd har bestemt at det er alpinisten frå Haugen IL, Andrine Englund Mårstøl, som får idrettsprisen 2020 – den aller første i Stad kommune. Sjølv er Andrine på plass i Nord-Italia og gjer seg klar til det første europacup rennet for sesongen.

ALPINIST: Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL hadde ein svært god sesong i fjor. No er det klart at ho er første idrettsprisvinnar i stad kommune, og i helga står ho på start i sesongens første europacuprenn.   Foto: olin maria yri

Sport

Stad idrettsråd fekk inn sju kandidatar til årets idrettspris der det både var frivillige som har gjort ein stor innsats innanfor idretten i kommunen, og aktive idrettsutøvarar innan randonee, skiskyting, alpint, fotball og hestesport. På vegner av Stad kommune har Stad idrettsråd bestemt at det er alpinist Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL som får den første idrettsprisen i Stad kommune. Torsdag 10. desember under det siste kommunestyremøtet før jul, vart kulturprisen, ungdommens kulturpris og idrettspris offisielt delt ut. Då Fjordabladet snakka med Andrine dagen før var ho ikkje heilt sikker på korleis utdelinga skulle skje.