Sesongstarten i skiskyting er avlyst

Norges Skiskytterforbund melder at årets sesongstart på Sjusjøen vert avlyst, trass i iherdig innsats for å finne eit alternativt arrangement.

MÅ VENTE: Johan-Olav Smørdal Botn og resten av Team Hugaas må vente på sesongstarten i år. No er det klart at årets sesongstart på Sjusjøen er avlyst. På bildet er Leif Malvin Hjelmevoll, Sivert Bekken, Peder Stalenget, Eirik Horten, Magnus Horten og Johan-Olav Smørdal Botn (nummer to frå høgre).  Foto: Olin Maria Yri

Sport

Sesongstarten i skiskyting skulle gå av stabelen 13.–15. november på Sjusjøen, og blant dei som etter planen skulle stå på startstreken var Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas). Då Fjordabladet møtte Smørdal Botn og laget Team Hugaas på samling på Harpefossen, kunne dei fortelje at dei gledde seg til å kome i gong med skisesongen i midten av november.