Eid J 15/17 vann avdeling 2 med 21 poeng på sju kampar. Førde 2 tok andreplassen i avdeling 2 med 16 poeng. I avdeling 1 var det Førde 1 som gjekk til topps med 18 poeng, medan Gaular tok andreplassen med 15 poeng. No er det klart at desse fire laga skal spele om plassane 1–4 i sluttspelet. Eid møter Gaular heime måndag kveld. Vinnarane av semifinalane møtast til finale 23. oktober, medan tapande lag speler bronsefinale 23. oktober.
Heia, som kom på 5.-plass med ti poeng på sju kampar i avdeling to, spelar først borte mot Bjørn måndag, og deretter heime mot Bjørn 24. oktober. Heia og Bjørn skal spele om å bli nummer 9 og 10 på tabellen i J 15/17.