Tatt ut på landslaget

Sondre Nor Midthjell er tatt ut til G15 landslagstroppen som skal ha samling no i starten av oktober.

TATT UT: Sondre Nor Midthjell var tatt ut til G15 troppen til Equinor Talentleir sitt skyggelandslag i august. No er han tatt ut på G15 landslaget. Her er Jan Erik Stinessen frå NFF, Sondre Nor Midthjell og Rune Almenning Jarstein.   Foto: Ole Jørgen Brattland, Equinor.

Sport

I juni var det klart at Sondre Nor Midthjell frå Eid IL var tatt ut til G15 troppen til Equinor Talentleir sitt skyggelandslag 8–12. august. No i september vart det også klart at Nor Midthjell er tatt ut til G15 landslagstroppen som skal ha samling i oktober.

Det er G15 landslagstrenar Gunnar Halle som har tatt ut spelarane til den første landslagssamlinga.

– Samlinga i Porsgrunn var viktig for å få ei god oversikt over kandidatane til 2005-landslaget. No skal vi ta neste steg med ein mindre tropp og treningssamling i Lillestrøm. Det vert ingen landskamp, men vi skal sørge for at vi startar denne samlinga med å skape eit slagkraftig lag for vegen vidare mot kvalikkampar neste år, seier Halle til fotball.no.

I tillegg til Nor Midthjell er 25 spelarar tatt ut.

G 15 troppen:

Aleksander Tjølsen Hansen (Vålerenga), Anders Hartveit Ryste (Nome), Andreas Eikrem Myklebust (Molde), Antonio Eremonsele Nordby Nusa (Stabæk), Benjamin Thoresen Faraas (Flisa), Brage Evensen (Pors), Casper Myhren Fjeld (Oppsal), Fredrik Hildrum (Vålerenga), Henrik Molvær Melland (Aalesund), Magnus Tomren Solheim (Molde), Andreas Tveiten (Viking), Peder Hoel Lervik (Molde), Thorbjørn Kristiansen (HamKam), Filip Loftesnes Bjune (Sandefjord), Kamba Kalala Tumba (Ørn Horten), Ethan Amundsen Day (Fredrikstad), Mats Pedersen (Skjervøy), Runar Nordheim (Tromsø), Maxmilian Balatoni (Lillestrøm), Petter Hokstad (Ull/Kisa), Oliver Kvendbø Holden (Rosenborg) Håkon Røsten (Oppdal), Morgan Marvik (Viking), Sondre Nor Midthjell (Eid), Ørn Flø (Hødd) og Bård Torgersen Mørch (Lillestrøm).