Tok bronse under NM i rulleskiskyting
Denne helga går NM i rulleskiskyting av stabelen, og laurdag vart det NM bronse til Johan-Olav Smørdal Botn og femteplass til Oselie Henden og Magnus Skeide Bakke.
Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) knuste konkurrentane i klassa menn 20–22 år med nesten eitt minutt og gjekk søndag inn til gull under fellesstarten i NM i rulleskiskyting på Voss. Smørdal Botn gjekk i mål på tida 31:04.2 etter å ha skutt fullt hus på dei to første skytingane og ein bom på dei to siste skytingane. Andreplassen gjekk til Martin Nevland (Figgjo IL) som var 52.8 sekund bak Smørdal Botn, med fem bom totalt.
Topp 20
I klasse kvinner 19 år gjekk Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) inn til 11.-plass med tida 32:26.5. Heggen skaut totalt ti bom på fire skytingar, og var til slutt over seks minutt bak vinnaren Linnea Winsvold (Lier IL/NTG-L) som skaut to bom og kom i mål på 26:10.8.
I menn 19 år gjekk Ask Haughovd (Stårheim IL/Stryn vgs.) inn til 17.-plass. Haughovd kom å mål på 28:40.4, med 2+1+2+2. I same klasse gjekk Lasse Flo Bødal (Stårheim IL/Stryn vgs.) inn til ein 29.-plass med tida 30:36.3 og 2+4+0+3. Mattias Stakkeland (Knaben og Fjotland IL/NTG-L) vann klassa på tida 26:11.7 og 0+0+2+0.
Bronse
I klasse menn 18 år gjekk Magnus Skeide Bakke (Eid IL/NTG-G) inn til NM-bronse. Skeide Bakke, som gjekk inn til ein god femteplass laurdag, kom i mål på tida 27:06.7 med ni bom. Han var 57 sekund bak vinnaren Isak Leknes Frey (Bærums Skiklubb/Dønski VGS) som gjekk i mål på 26:09.7 og totalt fire bom.
BRONSE: Magnus Skeide Bakke gjekk inn til bronse i NM i klasse menn 18 år. Foto: Privat
BEVISET: Magnus Skeide Bakke kunne smile over tredjeplass i NM og bevis i form av medalje og diplom. Foto: privat
Resultat fellestart
Menn 20-22 år
1. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) 31:04.2, 0+0+1+1
Kvinner 19 år
11. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) 32:26.5, 2+2+2+4
Menn 19 år
17. Ask Haughovd (Stårheim IL/Stryn vgs.) 28:40.4, 2+1+2+2
29. Lasse Flo Bødal (Stårheim IL/Stryn vgs.) 30:36.3, 2+4+0+3
Menn 18 år
3. Magnus Skeide Bakke (Eid IL/NTG-G) 27:06.7, 3+2+1+3