Eid – Florø

Rota vekk to måls leiing på heimebane

Eid leia 2–0 mot Florø på heimebane søndag etter godt spel i første omgang, men rota bort sigeren i andre omgang og tapte til slutt 2–4.

TAP: I andre runde av den nye serien U20 vart det tap for Eid mot Florø søndag ettermiddag.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

Søndag ettermiddag var det endeleg klart for «live» fotballkamp på Eid stadion, som karane i speakerbuda sa det. Eid møtte Florø i andre runde av den nyoppretta U20 serien. Dette var første heimekamp for Eid, som tapte 3–1 borte mot Stryn i første runde sist helg.