Slik gjekk det under samlagstemne på Bryggja

Bryggja skyttarlag arrangerte samlagsstemne, og skyttarar frå heile Nordfjord var på plass.

Førsteplass: Leiv Reksten (Nordbygda og Rand) gjekk til topps i klassa V55 med 337 poeng under samlagsstemne som vart arrangert av Bryggja skyttarlag.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Søndag 16. august arrangerte Bryggja skyttarlag samlagstemne i bane for Nordfjord. Det var skyttarar frå Haugen, Eidsbygda, Hyen, Stadlandet, Nordbygda og Rand, Bryggja, Stryn, Haugen, Huneide og Hornindal og Markane som deltok på samlagsstemne denne dagen. Det var fleire av skyttarane frå dei ulike klubbane som skaut godt under stemnet, og det var mange gode resultat.