Sjå bildeserie

Tre dagar med fotballglede for 123 barn

Årets Tine fotballskule gjekk av stabelen på Nordfjordeid denne veka til stor glede for over 100 barn.
Sport

Måndag til onsdag denne veka var 123 jenter og gutar på plass rundt om på Eid idrettspark, Eid stadion og Valhall kunstgras då Tine fotballskule gjekk av stabelen. Sola tok også turen alle tre dagane, og det var god stemning då Fjordabladet tok turen innom.