Tradisjonsrikt skyttarstemne

Olsokstemne blir arrangert denne helga

Denne helga blir det tradisjonsrike Olsokstemne arrangert på skytebana til Hornindal og Markane skyttarlag

Denne helga vert det tradisjonsrike Olsokstemnet i baneskyting arrangert av Hornindal og Markane skyttarlag. Skyttarane kjem ikkje til å ligge like tett som desse skyttarane gjer. Biletet er frå Kongelaget under Lansdelskretsstemne 10. juni 2012 som vart arrangert på Tua.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Så langt melder arrangøren om at det er påmeldt 200 skyttarar, blant dei ein tidlegare skyttarkonge. Vanlegvis er Olsokstemnet i Markane ei av dei siste lokale oppkøyringane til Landsskyttarstemnet, eit skyttarstemne som vanlegvis samlar rundt 5000 skyttarar.