Handball

Eid stiller truleg herrelag

Med rundt 15 spelarar som har sagt ja til å vere med fast, ser det ut til at Eid sitt herrelag i handball har nok spelarar til å stille lag når årets 3. divisjon startar.

LAG: Lars Albrigtsen, Øyvind Bjørlo, Jardar Bjørke, Vetle Bjørkeli, Emil Dale, Max Endal, Joakim Hauge, Adrian Hagen Henden, Karl Ulrik Fanøy Nord, Matheus Balsnes Lyngstad, Andreas Måge, Kristian Andreassen, Marius Steintveit, Erik Haugland, Terence Edward Leftwich, Geir Dale, Oddbjørn Ulvestad Karlsen, Adrian Hanebrekke går skule i Sogndal og trener med Sogndal, men spelar for Eid, er motiverte for komande sesong.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

Det har lenge vore usikkert om Eid sitt herrelag har nok spelarar til komande sesong. Fredag kalla spelarkoordinator Geir Dale inn til spelarmøte der temaet var kven som var motivert for komande sesong. Rundt elleve spelarar møtte opp på sjølve møtet, medan sju spelarar til, som ikkje var til stades, har sagt ja til å vere med.