Har signert langtidskontrakt

Tidlegare Eid spelar, Vebjørn Høynes, har skrive under på ei langtidskontrakt med bergensklubben Fana IL Fotball.

Frispark: I Eid var Vebjørn Høynes ein viktig mann. Dette biletet viser den hardtskytande midtbanespelaren i kamp mot Stryn, der han noterte seg for tre mål. To vakre frisparkmål og ei straffe. No har midtbanespelaren signert langtidskontrakt med bergensklubben Fana IL Fotball.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Midtbanespelaren Vebjørn Høynes (21 år) kom til bergensklubben Fana IL Fotball i januar 2019. Han la bak seg ein god sesong, og vart også kåra til årets spelar på Fana under sesongens siste kamp i 2019 . No er det klart at han har fått ei langtidskontrakt på 2,5 år med Fana. Fotballklubben som held til i Bergen, skriv på sine eigne nettsider «Med ein rykande fersk fleirårskontrakt vil alle som er glade i Fana IL Fotball få problem med å prioritere hyttetur når sesongen sparkast i gang. Kjernekaren frå Eid er nemleg ein av livets glade gutar som sola alltid skin på. Ein teknisk begava spelar med rå styrke som alltid ligg både eitt og to trekk føre med sin ekstreme forståing av spelet. Høynes har dessutan forbilledlege haldningar som kvar einaste dag gjer dei rundt seg betre.»