To frå Eid tatt ut til talentleir

Equinor Talentleir Porsgrunn sine troppar er no klare, og to spelarar frå Eid Fotball er tatt ut.

TALENT: Sondre Nor Midthjell er saman med Julia Felde tatt ut til Equinor Talentleir i Porsgrunn i august. Her er Jan Erik Stinessen frå NFF, Sondre Nor Midthjell og Rune Almenning Jarstein frå tidlegare år.   Foto: Ole Jørgen Brattland, Equinor.

Sport

Eid Fotball har to spelarar som er tatt ut til Equinor Talentleir Porsgrunn som går av stabelen i august. Julia Felde er tatt ut til jente 14 troppen til Equinor Talentleir som vert arrangert 3.–7 august, medan Sondre Nor Midthjell er tatt ut gutar 15 troppen til Equinor Talentleir sitt skyggelandslag. Sistnemnde går av stabelen 8.–12. august.