Fleire lokale skyttarar til topps under Haugenstemna

Haugen skyttarlag arrangerte Haugenstemna i helga, og fleire av dei lokale skyttarane gjekk til topps i si klasse.

NUMMER TO: Leiv Reksten (Nordbygda og Rand) tok andreplassen i klassa veteran 55 under Haugenstemna i helga.   Foto: ARKIV

Sport

Haugenstemna 2020 gjekk av stabelen frå fredag til søndag denne helga. Det var Haugen skyttarlag som arrangerte stemnet. Under stemnet var det totalt 92 deltakarar, både lokale skyttarar og tilreisande.