Slik vert årets 3. divisjon for Selje og Hornindal

I år er det tolv lag som er påmelde til årets 3. divisjon, noko som er det høgste talet sidan 2008.

3. divisjon: Selje/Åheim spelar i avdeling 2 og møter Hornindal, Måløy, Sandane, Stryn og Førde under årets 3. divisjon.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Hornindal IL har i år meldt på lag i 3. divisjon. Klubben var påmeldt i 4. divisjon kvinner 7ar, men ønskte så å endre til 3. divisjon. Det betyr at serien i årets 3. divisjon vert gjennomført med tolv lag, noko som er det høgste talet sidan 2008 då det var påmeldt 13 lag. I år vert laga delt inn i to avdelingar. I avdeling 1 er Balestrand, Høyang, Kaupanger 2 /Sogndal 2, Studentspretten og Syril. I avdeling 2 er Førde, Hornindal, Måløy, Sandane, Selje/Åheim og Stryn.

Seriestart i august

Ifølgje NFF Sogn og Fjordane ser det ut til at det vert seriestart søndag 16. august, men det føreset at det vert opna for full fotballaktivitet i senior breiddeseriane (over 20 år).

Første kamp for Selje/Åheim vert borte mot Florø, medan Hornindal møter Sandane borte. Stryn tek i mot Måløy.

Sluttspel

Etter at avdelingsspelet er ferdigspelt, ventar det sluttspel for laga. Ifølgje NFF Sogn og Fjordane vert sluttspelkampane om KM-tittelen blir spelt 31. oktober til 4. november og 8. november. Sluttspelkampane om tabellplassering vert spelt 31. oktober og 7. november.

Etter avdelingsspelet vert det sluttspel som blir gjennomført som følgjer:

  • Nummer 1 frå avdeling 1 spelar heimekamp mot nummer 2 frå avdeling 2.
    Nummer 1 frå avdeling 2 spelar heimekamp mot nummer 2 frå avdeling 1.
    Vinnarlaga spelar dobbel kamp om KM-tittel 3.divisjon kvinner 2020, der vi trekk heime-/borte.
    Tapande lag spelar dobbel kamp om plassane 3 og 4, der det blir trekt heime- /borte.
  • Nummer 3 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp for spel om plassane 5 og 6 i 3.divisjon kvinner 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.
  • Nummer 4 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp for spel om plassane 7 og 8 i 3.divisjon kvinner 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.
  • Nummer 5 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp for spel om plassane 9 og 10 i 3.divisjon kvinner 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.
  • Nummer 6 frå avdeling 1 og 2 møtast til dobbelkamp for spel om plassane 11 og 12 i 3.divisjon kvinner 2020. Laget som har best poengskår etter endt seriespel, spelar heimekamp i kamp nummer 2.