Det vert fotballskule

No er det klart at Eid IL Fotball arrangerer Tine Fotballskule 2020.

I august vert Tine Fotballskule arrangert på Nordfjordeid.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

Arrangementet går av stabelen 10. august til 12. august for jenter og gutar fødde mellom 2008 og 2013. Spelarane vert delt inn i grupper etter alder og kjønn, og Eid Fotball stiller med eldre spelarar i klubben som instruktørar.

Grunna smittevern vert det i år ikkje fellesmåltid, og kvart barn må ha med eiga niste.