Eidtrenar Dan Jøran Hafsås:

Målet er å vinne gruppa

Om alt går etter planen skal Kretsligaen starte opp 15- august. Eidtrenar Dan Jøran Hafsås gler seg til å kome i gong.

KLART: Laga i Kretsligaen vert delt inn i to avdelingar, og første kamp vert i midten av august.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Det er no klart at NFF Sogn og Fjordane tek sikte på serieopning for alle seriar, både når det gjeld vaksenfotball, ungdomsfotball og barnefotball, i løpet av august. Dette ut ifrå dagens situasjon og gjeldande nasjonale retningslinjer.