Andrine Englund Mårstøl tatt ut på landslaget

– Det er kjekt å oppnå måla sine

Før helga vart det klart at Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) er tatt ut på C-laget til Alpinlandslaget.

ALPINT: Etter ein svært god sesong denne vinteren med topp-plassering i europacup og junior-VM er Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL tatt ut på Alpinlandslaget sesongen 2020 – 2021.   Foto: privat

Sport

Eitt av dei store måla til Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) dei siste sesongane har vore å køyre seg inn på Alpinlandslaget. Før helga vart det klart at ho for første gong er tatt ut på C-status laget, og er med det blant dei elleve kvinnelege alpinistane som er ein del av Alpinlandslaget komande vinter.