Eid Fotball:

Framleis ingen organisert aktivitet

Eid Fotball tykkjer det kan bli utfordrande å kvalitetssikre at dei nye reglane til Norges Fotballforbund vert heldt, og har fram til no stengt av all organisert aktivitet.

OPNA FOR FOTBALL: Norges Fotballforbund har opna opp for fotballspeling, men med strenge reglar. Eid Fotball har enn så lenge ikkje organisert aktivitet ettersom dei tykkjer det er utfordrande å kontrollere at dei nye reglane vert følgt.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Eid Fotball stengde ned all organisert aktivitet 12. mars, og har sidan ikkje hatt noko form for organisert aktivitet i likskap med resten av landet. I starten av april kom Norges Fotballforbund sine nye koronavitreglar for fotballen og klubbane i landet, og opnar opp for at det kan spelast fotball. Desse reglane går blant anna ut på at ein ikkje skal vere meir enn fem personar per gruppe, det skal alltid vere minst to meter avstand, spelarane skal ikkje ha nærkontakt og ein skal unngå heading og ta på ball med hendene. Ifølgje Jannicke Hagen Henden, dagleg leiar i Eid Fotball, kan det bli utfordrande å kontrollere at desse reglane blir heldt, og per dags dato har dei difor valde å ikkje opne opp for aktivitet.