Eid beheld plassen i 3. divisjon neste år

Eid sitt herrelag hadde ein god start på årets sesong, men etter nyttår har laget vore litt meir ustabilt. No er det klart at dei beheld plassen i 3. divisjon.

SPENNANDE INNSPURT: Det vart spennande på slutten av sesongen, men no er det klart at Eid speler i 3. divisjon også neste sesong.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

– Det var veldig knipent på slutten, så vi var litt urolege og spente på korleis sesongen kom til å ende. Vi er eit 3. divisjonslag, og det er der vi skal vere. Det hadde vore surt om vi hadde måtte rykke ned, spesielt når vi veit kva vi er gode for, seier Øyvind Bjørlo, ein av trenarane til herrelaget til Eid.