Andrine Englund Mårstøl om sesongen

– Gått betre enn planlagt

Andrine Englund Mårstøl har hatt ein kjempesesong med plasseringar i toppen i både europacupen og Junior-VM. I tillegg fekk ho debuten i verdscupen.

GOD SESONG: Andrine Englund Mårstøl har denne sesongen fleire gode resultat i europacupen og Junior-VM, der ho hadde mor og far med som heiagjeng.   Foto: privat

Sport

Før årets sesong gjekk av stabelen, hadde Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) sette seg to hovudmål: Å køyre seg inn på europacuplaget og bli tatt ut til Junior-VM på «heimebane». To store mål, men noko ho trengde for å ta fleire steg i riktig retning. Før jul vart det fleire topp ti og topp 15-plasseringar i europacupen, og Andrine køyrde så godt at ho ofte var best eller nest best av dei norske alpinistane. Den beste plasseringa i årets europacup kom i Andalo, Italia i desember, der det vart femteplass på Andrine i storslalåm. Ho fekk difor vere med europacupen etter jul, noko som gav fleire gode resultat. Til slutt hamna Andrine på 17.-plass samanlagt i europacupen.