Lokale utøvarar skulle delta

Junior-NM avlyst

Junior-NM både i skiskyting og langrenn i midten og slutten av mars, er no avlyst.

NM: Johan-Olav Smørdal Botn (t.h.) frå Stårheim gjekk inn til førsteplass og gull under junior-NM i februar. No vert finalen i norgescupen og Junior-NM avlyst.   Foto: Privat

RESULTAT: Magnus Skeide Bakke har også gått inn til fleire gode topp 5 plasseringar under Junior-NM.  Foto: Nordfjordteam

Sport

Fredag 27. mars til søndag 29. mars skulle Junior-NM og Lerøy Cup i skiskyting arrangerast ved Vik Skisenter. Dette skulle etter planen vere ei finale, og fleire skiskyttarar frå Eid IL – Skiskyting og Stårheim IL skulle delta. Slik vert det ikkje, for no er sprinte fredag, fellesstarten laurdag og stafetten søndag avlyst.

Gjort det godt

Skiskyttarane frå Eid og Stårheim har denne sesongen gjort det godt i Lerøy Cup og Junior-NM. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) gjekk inn til gull i februar. Magnus Skeide Bakke (Eid IL – Skiskyting/NTG-G) har også hatt fleire gode plasseringar heilt i toppen i klasse menn 17 år. Ask Haughovd (Stårheim IL/Stryn vgs.), Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) har også gått inn til gode plasseringar i klasse menn 18 år.

Oselie Henden (Eid IL – Skiskyting/Stryn vgs.) og Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) har også hevda seg fleire gongar med topp 20 i kvinner 18 år.

Junior-NM langrenn

I tillegg til Junior-NM i skiskyting, er også Junior-NM i langrenn avlyst. Arrangementet skulle gå av stabelen på Beitostølen 13.–15. mars. Det var påmeldt rundt 1000 deltakarar og venta rundt 600 personar knytt til støtteapparat og familie.