NM og Lerøy Cup

Tre stafettlag på topp ti

Skiskyttarane frå Stårheim og Eid hevda seg under NM for junior denne helga.

STAFETT: Det var ein god del skiskyttarar frå Sogn og Fjordane som deltok under NM for junior og ungdom i helga. Her er Gunn Kristi S. Tvinnereim, Oselie Henden og Maren H. Kirkeeide som vart nummer 7 på stafetten søndag.   Foto: Nordfjord team

Sport

Denne helga gjekk NM for junior og ungdom mellom 17 og 22 år, og Lerøy Cup for senior av stabelen på Stormoegga skiarena i Folldal. Det var fleire skiskyttarar frå Nordfjord som stod på startstreken denne helga der det var disiplinar som fellesstart, sprint og stafett.


NM for junior

Slik gjekk det på fellesstarten

NM for junior og ungdom og Lerøy Cup for senior går av stabelen i Folldal denne helga, og allereie fredag var skiskyttarane i aksjon.



5. plass til Magnus og 6. plass til Johan-Olav

Fleire av skikyttarane frå Eid IL og Stårheim IL hevdar seg i toppsjiktet under junior-NM i Folldal. Magnus Skreide Bakke kom på 5. plass under sprinten i dag, medan det vart 6. plass for Johan-Olav Smørdal Botn.


Søndag vart det heile avslutta med stafett, og Sogn og Fjordane stilte fleire lag. I klasse kvinner 17 – 19 år gjekk Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim, Oselie Henden (Eid IL – skiskyting/Stryn vgs.)
og Maren Hjelmeset Kirkeeide inn til ein 7.-plass av 23. Buskerud Skiskytterkrets 1 vann klassa på tida 58:36:8, medan laga som kom på dei seks neste plassane var fire og fem minutt bak.

I klasse menn 17 til 19 år gjekk Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.), Oskar Guddal Breivik, Martin Aaland og Ask Haughovd (Stårheim IL/Stryn vgs.) inn til ein 6.-plass av 27. Sogn og Fjordane sitt lag var 3:29.4 minutt bak Oslo Og Akershus SSK 1 som tok gullet.

I klasse menn 17 til 22 år gjekk Isak Nikolai Hopland, Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas), Erlend Bakken og Simon Hjelmeset Kirkeeide inn til 7.-plass av 18 då dei kom i mål på 1 1:31:04. Det var Nord-Østerdal SSK 1 som tok gullet i denne klassa med tida 1:26:44.2.

Resultat Stafett

Kvinner 17–19 år

7. Sogn og Fjordane SSK 1 (Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim, Oselie Henden og Maren Hjelmeset Kirkeeide) 1:03.57.6, 1+0+0+3+0+2

Menn 17–19 år

6. Sogn og Fjordane SSK 1 (Bendik Vereide, Oskar Guddal Breivik, Martin Aaland og Ask Haughovd) 1:35:13.6, 0+2+4+1+0+0+0+0

Menn 17–22 år

7. Sogn og Fjordane SSK 1 (Isak Nikolai Hopland, Johan-Olav Smørdal Botn, Erlend Bakken og Simon Hjelmeset Kirkeeide) 1 1:31:04.6, 1+0+0+1+2+1+0+1