Junior-VM

Andrine på topp 10

Søndag var det klart for det andre rennet under Junior-VM som går av stabelen i Narvik, og Andrine Englund Mårstøl køyrde inn til ny god plassering.

Andrine Englund Mårstøl er blant dei norske alpinistane som for tida køyrer Junior-VM i alpint i Narvik.   Foto: Privat

Sport

Junior-VM i alpint er i gong i Narvik, og laurdag køyrde alpinistane det første rennet under meisterskapen. Då var det utfor, og Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL), som er i den norske troppen, køyrde inn til ein god 7.-plass i opningsrennet.


Andrine i slag under Junior-VM

Andrine Englund Mårstøl køyrde sin første disiplin under Junior-VM laurdag. Det vart topp 10 på alpinisten frå Haugen IL.


Søndag var det klart for nytt renn og dei beste junior alpinistane i verda stod på startstreken. Denne gong var det super-G som gjekk av stabelen, som det andre rennet i Junior-VM. I dette rennet vart det også ei god plassering på Andrine, som køyrde i mål som nummer 10. Alpinisten frå Haugen IL køyrde i mål på 1:09.26, og var 1.16 bak vinnaren Magdalena Egger frå Austerrike.

Andrine, som var nest beste norske under utfor laurdag, vart beste norske alpinist under super-G søndag. Ho var også einaste norske som fullførte rennet. Det var 36 alpinistar som fullførte, medan 25 køyrde ut.