Andrine i slag under Junior-VM

Andrine Englund Mårstøl køyrde sin første disiplin under Junior-VM laurdag. Det vart topp 10 på alpinisten frå Haugen IL.

JUNIOR-VM: Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL representerer Norge under Junior-VM i Narvik som går av stabelen 5.-14. mars.   Foto: privat

Sport

Junior-VM i alpint går av stabelen 5.–14. mars i Narvik, og laurdag var det klart for første disiplin for alpinistane. Då var det klart for utfor, og på startstreken stod Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL, som er blant alpinistane som representerer Norge under Junior-VM.

Under utforen laurdag køyrde Andrine i mål til ein flott 7.-plass. Ho kom i mål på tida 1:04.85, noko som var 0.98 bak Magdalena Egger frå Austerrike, som tok gullet i første disiplin. Andrine vart nest beste av dei norske alpinistane under utfor, berre slått av Inni Holm Wembstad, som køyrde inn til fjerdeplass med tida 1:04.64.

Søndag er det klart for den andre disiplinen i Junior-VM, då er det Super-G som går av stabelen.