Tatt ut til Bama Young Star

Skiskyttarane hevdar seg nasjonalt

Skiskyttarane frå Stårheim gjekk inn til gode plasseringar under Hovudlandsrennet i helga, og no er Frøya Haughovd og Trygve Myrold kvalifisert til Bama Young Star.

LAGET: Det var fleire frå Nordfjordteam som stilte på start under Hovudlandsrennet i helga. Skiskyttarane på laget kjem frå Stårheim IL, Markane IL, Hardbagg IL og Volda IL.   Foto: Nordfjordteam

FULLT HUS: Frøya Haughovd skøyt fullt hus på normal, sprint og stafett og gjekk inn til gode resultat under Hovudlandsrennet.  Foto: Nordfjordteam

Sport

I helga gjekk Hovudlandsrennet i Karidalen av stabelen, og fleire skiskyttarar frå Stårheim stod på startstreken. Fredag var det klart for normal, og Frøya Haughovd (Stårheim IL) skaut fullt hus på dei to skytingane og gjekk inn til ein god 11.-plass i klasse jente 15 år. Det var svært jamt i toppen, og Frøya var berre 1.27.3 bak vinnaren Kristine Sandstedt Ingebrigtsen frå Skonseng UL som vann med tida 16:26.7. Ada Johanne Borgund (Stårheim IL) kom på 41.-plass i same klasse. Det var 63 deltakarar i denne klassa.

I klassa gutar 16 år kom Trygve Myrold (Stårheim IL) i mål til ein god 21.-plass av 93 deltakarar.

Gode resultat laurdag

Laurdag var det klart for sprint og skiskyttarane frå Stårheim gjorde det godt også på denne distansen. Ada Johanne Borgund skaut to bom men gjekk fort i sporet og tok 14.-plassen i klasse jente 15 år. Frøya Haughovd skaut fullt hus også denne dagen og vart nummer 15 av 65 deltakarar.

Topp 10

Hovudlandsrennet vart avslutta med stafett søndag, og i klasse jente 15 år gjekk Frøya Haughovd (Stårheim IL), Sara Annie Børnhaug Aarnes og Ada Johanne Borgund (Stårheim IL) for Sogn og Fjordane. Dette laget vart nummer 9 under sprinten.

Eirik Stensaker Tvinnereim, Torje Seljeset, Mathias Sætre Lid og Trygve Myrold (Stårheim IL) gjekk i klasse gutar 15–16 år og vart nummer 21 på stafetten.

Kvalifisert til Bama Young Star

Grunna gode resultat på Kvalfossprinten, Vestlandsprinten og Hovudlandsrennet denne helga, har Frøya Haughovd kvalifisert seg til Bama Young Star 2020 i Holmenkollen som går av stabelen 21. mars. Trygve Myrold er også kvalifisert til rennet. Frå region vest er det tre jenter og fire gutar som er kvalifisert til rennet som berre dei 30 beste gutane og jentene får gå. Bama Young Star går av stabelen under World Cup i Holmenkollen.

Resultat normal

Jente 15 år

11. Frøya Haughovd (Stårheim IL) 17:54.0, 0+0

41. Ada Johanne Borgund (Stårheim IL) 20:07.5, 3+1

Gutar 16 år

21. Trygve Myrold (Stårheim IL) 19:32.3, 2+0

Resultat sprint

Jente 15 år

14. Ada Johanne Borgund (Stårheim IL) 12:40,8, 2+0

15. Frøya Haughovd (Stårheim IL) 12:42.7, 0+0

Jente 16 år

42. Linnea Melheim Espe (Stårheim IL) 13:39.3, 0+3

Gutar 16 år

34. Trygve Myrold (Stårheim IL) 13:35.2, 3+1

Resultat stafett

Jente 15 år

9. Sogn og Fjordane SSK 45:35.7, 0+0+1+1+0+0

Frøya Haughovd, Sara Annie Børnhaug Aarnes og Ada Johanne Borgund

Gutar 15–16 år

21. Sogn og Fjordane SSK 51:48.6, 0+0+1+1+0+0+2+2

Eirik Stensaker Tvinnereim, Torje Seljeset, Mathias Sætre Lid og Trygve Myrold