Åge Solheim på topp ti

Åge Solheim køyrde universitetsrenn i Bridger Bowl Ski Area i USA fredag og laurdag.

USA: Åge Solheim køyrde inn til topp ti under universitetsrenn i USA  Foto: Stig Stenberg

Sport

Fredag var det klart for storslalåm, og i første omgang hadde Åge Solheim (Haugen IL) tredje beste tid då han kom i mål på 59.10. I andre omgang kom han i mål på 55:52. Med det vart det ein 8.-plass på Åge, som var til slutt 1.69 bak vinnaren Joachim Bakken Lien frå Norge. Dei norske alpinistane gjorde det godt og på dei ti første plassane var det fire norske.

Laurdag var det klart for slalåm, også her gjorde Åge det godt. I første omgang køyrde han i mål på tida 54.18, og låg på 11.-plass. I andre omgang køyrde han i mål på tida 55.98 og køyrde seg opp til ein 10.-plass totalt. Åge var 1.61 bak Tobias Kogler frå Austerrike, som tok sigeren. Under slalåmen gjorde dei norske alpinistane det godt og Åge på 10.-plass var femte beste frå Norge.

I tillegg til storslalåm fredag og slalåm laurdag, køyrde Åge også storslalåm torsdag. I dette rennet vart han diskvalifisert i andre omgang.